søk i nettstedet

STIFTELSEN SKAGERRAK
(Strøket 7)
Pb 23
1371 Asker

DAGLIG LEDER:
Jan Harsem

Organisasjonsnr:

986 785 248

BANK:
DNBNOR: 5136.05.72955

TLF: 66 98 97 85
MOBIL: 957 71 199
FAX: 66 79 57 36

tips en venn
utskrift

Sump som sjukdomstrussel

ØYDELEGGINGA AV VÅTMARKENE

Øydelegginga av New Orleans etter orkanen Katrina viste kor sårbart eit samfunn som det amerikanske er mot åtak på menneskeskapte strukturar.





Omsynet til olje- og gassførekomstar i Mississippideltaet har i over hundre år ført til store endringar i landskapet. Kunstige bolverk av store dike for å verne mot flaum har stengd sideelvene inne. Mississippi kan ikkje meir verke som ei oppsamling for vatn i det austlege USA. Ho er gjort tam og lydig av ingeniørkunst.
Ved å fjerne dei årvisse elveflaumane som ga næring av ferskvatn og jord til sumpane, har dikesystemet óg fjerna våtmarkområda. Jordbotnen er ikkje lenger mjuk, men tørr og kompakt. Til vanleg mistar orkanar krafta si når dei kjem mot land. Etter alle åtaka på sumpområda, er denne buffersona borte. Påverknaden frå ope hav i Mexikogulfen er større avdi skjærgården av øyer er borte. Tempoet i uttørkinga av sumpane berre aukar.
For å løyse problemet er det ikkje nok å halde dika ved like. Ein må gjere noko for å snu øydelegginga av våtmarkene. Det som skjer under Bushadministrasjonen er at det verken vert sett av pengar til dika eller vern av sumpane.
Dei som vil byggje ut nye område til bustader får gode tilhøve. Midlane til vedlikehald av dei dika som orkanen Katrina sprengde, er teke ut av budsjetta og overført til «krigen mot terror». (Chicago Tribune, 1. september 2005: Why New Orleans is in Deep Water, av Molly Ivins)
Dei viktigaste oljeanlegga i USA ligg i desse våtmarkene. Den første oljebrønnen i Lousiana vart bora i 1901. Den første offshore riggen vart sett i drift i Mexikogulfen i 1947. Boringa etter olje og gass har ein negativ verknad på jordbotnen i sumpområda. Når olje og gass vert fjerna fører dette til at saltvatn strøymer inn der gassen og olja har lege i tusener av år.
Slik vert den opprinnelege jordskorpa fjerna og lagt ope for flaum og orkanar. Så lenge prisen for naturgass er høg, vil våtmarkene verte saumfara for utvinning med dei konsekvensane dette får for natur og miljø. (Joel K. Bourne, Jr. National Geographic, Oktober 2004)

VÅTMARKER ER OFTAST GØYMD BORT I HISTORIA
Sumpar og gjørmete vatn med froskar, slangar og andre krypdyr er framstilt lik avfall og kloakk. Vegbygging, effektivisering av jordbruket og byutvikling er nytta for å gjere slutt på opphaveleg fauna og dyreliv. Bekker og vassdrag er fjerna med grøfting for å gjere jordsmonnet meir fruktbart. Alt skjer med helsemessige argument.
Sumpfeber og malaria (beint fram dårleg luft) er framstilde som produkt av myggstikk i myrar og stilleståande vatn. Om ikkje våtmarkene vart drenerte ville byane råkast av febersjukdommar. Mussolini gjorde i nittentrettiåra drenering av våtmarkene rundt Roma til eit storstilt fascistisk propagandaprosjekt for å betre den fysiske og moralske helsa.
Ved å få bort vatn som ikkje renn fort nok, eller ikkje er klart og friskt nok, har eigedomsspekulantar frigjort nye areal til bustader og næringgsentra. Sumpar og økonomisk framgang vart sett opp mot kvarandre. Våtmark har rykte som uproduktive myrområde og skitne sølepyttar. Røynda viser noko anna, våtmarkene gir naudsynt skugge til plante- og dyrelivet, vegetasjonen gjer nytte som naturlege kjøleskap.
Det er ei opplest sanning at det er bra å tørke ut usunn jord. Det er sett likheitsteikn mellom dårleg jord og dårleg klima. Åpne bekker må tettast for at jordbruksmaskinar og vegsamband skal gjere større delar av naturen om til kultur. Men den storstilte dyrkinga av frukt og grønsaker i det islamske Spania før den endelege katolske erobringa på 15- og 1600-talet, var heilt avhengig av det åpne vatningssystemet. I dag vil styremaktene i Andalucía byggje store damanlegg som kan føre til at dei åpne bekkene som framleis renn nedover dalsidene vert lagde i rør.
I propagandaen er våtmark materie på feil stad, noko framand og ukjend. Sumpar vert likna med avføring, søppel og avfallsstoff. Dårleg kroppslukt kan kurerast med parfyme, sumpar kan lækjast med oppmåling og ingeniørkunst. På medisinarkongressen i Paris i 1851, vart det slått fast at vond lukt frå stinkande avfall og avløp var dei viktigaste årsakene til sjukdom.
Luftsmitte eller miasma var det store omgrepet som forklarte spreiing av alskens sjukdommar. Stinkande ande og forpesta luft påverka lungene og skapte tyfus og malaria. Botemidlet var drenering og søppeltømming.
For å gjere ende på våtmarkene måtte dei framstillast som smittefarlege, nifse og unyttige. Botnlause tjern og hengemyrar var verken vatn eller fast land, men sørpestader kor skadedyr flaut omkring i ei uhyggeleg gjørme. Kontrollen over våtmarkene resulterte i hurtigskapte byområde.
Renovasjon og reingjering av gatene skulle hindre stinkande dunst og smittefarleg eim av gass i lufta. Dei nye innflyttarane fekk bustader der sumpa likevel framleis rådde. I si framstilling av den engelske arbeidarklassen i 1840-åra, omtalte Friedrich Engels East End i London som ein «evigvarande pøl som spreier stilleståande elende og ulykke».

FRIGJERING I VÅTMARKENE
Samstundes som regnskogar og våtmarker står fram som særs viktige for livet på jorda, vert dei øydelagde som aldri før. Evna til å reinse vatn gjer at våtmarkene arbeider som nyresystem for jordkloten. Dei siler og filtrerar, fjernar skit og avfall. Men fordi utslepp av nitrogen og co2 aukar presset på våtmarkene som framleis er att, vert dei uskikka til å gjere jobben sin.
Mygg og andre innsekt tek nok ein gong over område som i lang tid har vore «friskemelde». Ingeniørkunst og arealplanlegging som hadde ein viss effekt når det galdt den opphavelege kampen mot malaria, gjer no sitt til at sjukdommen på nytt er på frammarsj. Gigantiske damprosjekt og anlegg av kunstige innsjøar, vert til utilsikta, men ideelle klekkjeanstaltar for mygg.
Det er berre i ideologisk agitasjon for bureising og kolonisering at sumpar og våtmarker er ein fiende. I den verkelege historia er saka annleis. Våtmarker har mange stader spela ei avgjerande rolle for frigjering frå framand herskarmakt. Hollenderane klarte å sleppe unna både engelsk dominans og fortsatt habsburgarvelde ved å nytte seg av naturgitte tilhøve der havet låg høgare enn landet. Den engelske heltekongen, Alfred den store gøymde seg i myrane, der romerske legionærar gjekk seg vill og vart nedkjempa.
Og frå krigføringa til USA i Søraust-Asia, hugsar vi korleis vietnamesiske fridomsstyrkar gjorde den suverene krigsmakta til statistar, i kampane rundt det ugjennomtrengelege deltaet til Mekongelva. Kva vil skje i dei katastroferamma områda i det søraustlege USA? Meldingar om sprøyting av New Orleans for å hindre spreiing av smittsame sumpsjukdommar, gjer at ein fortsatt kan vente omsynslaus propaganda mot våtmarkene.

STIFTELSEN SKAGERRAK
Torbjørn Kalberg

Oppdatert: 25.01.2008 14:17
av Carina Grelland Harsem



vårt formål

Formålet med Stiftelsen Skagerrak er å forebygge katastrofer og ulykker med alvorlige konsekvenser for liv, helse, miljø og materielle verdier både til sjøs, i luftfarten og til lands.